Hopp til innhold

Søppelet skulle ha vore lagra i hall

Bingsa miljøstasjon manglar sorteringshall og denne er under planlegging. I dag starta det å brenne i ein søppelhaug utandørs. Verksemdsleiar Sigrun Jahren meiner brannen uansett ikkje kunne vore unngått.

Brann Bingsa

Mellom 500 og 600 tonn med industriavfall tok fyr i dag. Avfallet vart sortert utandørs.

Foto: Øyvind Johan Heggstad / NRK

Sigrun Jahren

Sigrun Jahren i Ålesund kommune seier at brannårsaka ikkje er kjent.

Foto: Øyvind Johan Heggstad / NRK

Ein søppelhaug på mellom 500 og 600 tonn med industriavfall tok fyr like etter klokka 13 i dag. Søppelet var sortert utandørs og skulle vidare til brenning ved Tafjord Kraftvarme. Store mengder giftig røyk breidde seg i nabolaget og folk vart bedne om å late att vindauga. Klokka 17.30 meldte politiet at brannen var under kontroll. Det tar likevel mange dagar før brannen vert heilt sløkt. Framleis er røyken tjukk i bustadområdet.

Under tak

Sortering skal etter reglane føregå under tak og dette vart påpeika då Fylkesmannen hadde revisjon av deponiet før jul. Bingsa Miljøstasjon er no i gong med planlegginga av ein slik hall som skal stå ferdig i løpet av året. Versemdsleiar Sigrun Jahren meiner at sortering under tak ikkje hadde hindra brannen.

– Brann kan alltid skje i avfall, men i ein hall vil søppelhaugane vere skilde, slik at brannen ikkje spreier seg, seier Jahren. Der vil også vere sprinleranlegg og skum.

Årsaka er ukjent

Brann på Bingsa

Det vil ta fleie dagar før brannen vert sløkt.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Grunnen til at slike søppelhaugar kan ta fyr, er at det kan ligge ting i avfallet som ein ikkje har kontroll over. Jahren seier at det er for tidleg å seie kva som er årsaka til brannen.

– Vi har ingen tru til å tru at brannen starta fordi søppelhaugen låg utandørs, seier Jahren. Ho opplyser at dei er godt budde på at noko slikt kan skje, og har hatt mange brannøvingar. Slik ho ser det, har alt gått etter boka i dag.

Brann Bingsa

Det velta ut giftig røyk frå området. Politiet ba folk om å late att vindauga.

Foto: Øyvind Johan Heggstad / NRK

Inn med gravemaskiner

Varabrannsjef Jonny Stølen seier at det vil ta fleire dagar før brannen er heilt under kontroll. No er temperaturen i søppelhaugen så låg, at dei som arbeider på anlegget i kveld er inne med gravemaskiner.

– No er vi inne i ein fase der vi arbeider for å opne opp for å få tilgang. Sjølv om det kan ta dagesvis før den er heilt sløkt, vil brannen avta etterkvart, seier Stølen.

Framleis mykje røyk

Det er svært mykje røyk i området og den brer seg over heile Olsvika.
Røyken skal vere giftig.

– Det er ubehageleg røyk. Det er spesielt folk med astma som kan bli plaga. Vi ber folk i området om å halde seg innandørs, seier innsatsleiar Sindre Molnes.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Markering for samtykkelov utanfor Stortinget i Oslo.

Krev at ei samtykkelov kjem på plass no