Brannen sløkt

Frå eit hus i St. Hans haugen/Langveien i Kristiansund blei det observert røyk frå ei pipe og frå eit vindauge.

Det ryk frå pipa og eit vindauge

Det rauk både frå pipa og eit vindauge.

Foto: Roar Halten / NRK

Huset har ikkje eldstad, så det var ikkje ein pipebrann, slik det først var mistanke om.

Nødetatane kom fram i 09-tida og politiet melde då at dei førebels ikkje hadde kontroll på situasjonen.

Men allereie klokka 0920 melde brannvesenet at dei hadde kontroll, og like etter at brannen var sløkt.

Brannen var i 1.etasje. Det var ingen personar i huset.

Det ryk frå eit hus i Langveien

Nødetatane var raskt på plass i Langveien.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK