NRK Meny
Normal

Brannen på Fiskerstranda er sløkt

Brannen i ei fiskeribedrift på Fiskerstranda i Sula er no sløkt. Dei tilsette blei evakuerte då det tok til å brenne i ein røykeomn like etter klokka ti. Ingen kom til skade i brannen.

Brann hos Brødr. Remø i Sula

Brannvesenet rykte ut med store styrkar.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Brann ved Brødrene Remø

Fiskebedrifta Brødr. Remø produserer mellom anna røykelaks. Brannen oppstod truleg i ein omn.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Brannvesenet jobba med ettersløkking og utlufting på staden utover på ettermiddagen. Ifølgje politiet vart 19 tilsette evakuerte.

Sula Brannvesen var først på plass etter at brannen hos bedrifta Brødrene Remø blei meldt klokka 10.05. Bedrifta driv med mellom anna røyking av laks.

– Det ser ut for at brannen har oppstått i ein røykeomn som røyker fisk, opplyser Paul Ola Vestre, som er operatør på 110-sentralen.

Åstadsundersøking onsdag

Tysdag ettermiddag opplyste 110-sentralen at bedrifta framleis er avsperra på grunn av gassar som oppstår etter brann, og drifta vil ikkje bli sett i gang igjen før ut på onsdagen.

Då vil også politiet gjennomføre undersøkingar av åstaden, opplyser Sunnmøre politidistrikt.

Dei tilsette blei raskt evakuert og røykdykkarar jobba med å få kontroll inne i industribygget. Det blei først meldt om synlege flammar i ein vegg.

– Det står ein del vogner med fisk som må ut av omnen før røykdykkarane kjem til på staden der det brenn, sa Vestre like før klokka 11.

Ein del av konstruksjonen har falle saman. Brannvesenet rykte ut frå både Sula, Spjelkavik og Ålesund.

Laster Twitter-innhold
Brannen i ei fiskeribedrift på Fiskerstranda i Sula er no sløkt. Dei tilsette blei evakuerte då det tok til å brenne i ein røykeomn like etter klokka ti.

Laster kart, vennligst vent...

Brannen oppstod like etter klokka 10.