NRK Meny
Normal

Brannen på Skardsøya er under kontroll

Innbyggjarane på øya i Aure på Nordmøre kan torsdag kveld flytte heim etter å ha vore evakuerte som følgje av den omfattande lyngbrannen. Fleire frivillige har vore involert i sløkkinga.

Lyng- og grasbrann ute av kontroll på Skardsøy i Aure.

– Det er ein del hytter og bustader i nærområdet, så vi evakuerer i området nord for brannen, opplyser politiet. Video: NRK/Leif Brage Stølhaug

Helikopter

Eit helikopter frå HRS hjelper til i sløkkearbeidet på Skardsøya.

Foto: Jens Halten

– Brannen er under kontroll, opplyste Erik Willassen ved hovudredningssentralen til NRK.no klokka 20.47.

Politiet meldte på Twitter like etter klokka 22.00 at det er kontroll på spredninga og omfanget av brannen. Det brenn fortsatt på fjellet og det blir brannvaktar i området i natt.

Det var klokka 14.37 torsdag at politi og brannkorps fekk melding om ein brann ved Tømmerdalsvatnet, i retning Skipnes, på Skardsøya i Aure. Det var også ein stor brann i vegetasjonen ved Måsvatnet i Halsa torsdag.

– Dramatisk situasjon

Det bles i området, og innbyggjarar i nærleiken blei evakuerte. Litt over klokka 20 måtte eit helikopter som har droppa vatn over flammane, gje seg på grunn tett skodde.

– Det har vore ein litt kritisk situasjon i ettermiddag, det har vore ganske dramatisk undervegs med tanke på at har vore fare for spredning, sa ordførar Ingunn Golmen like før klokka 23.00 til NRK.

Sjå NRKs reporter Roar Halten sin rapport i Kveldsnytt klokka 23.00:

Roar Halten snakkar med dei evakuerte etter brannen i Aure.

85 personar evakuerte

Det var omlag 85 personer som blei evakuert på Skardsøya ifølgje ordførar Ingunn Golmen. Nokon fritidsbebuare dro heim til sine permanente boligar. 25 fekk tilbod om overnatting.

Dei evakuerte fra området kan flytte heim onsdag kveld meldte politiet på Twitter klokka 22.00.

Det tok lang tid før ein fekk kontroll over brannen. Klokka 19 meldte reporter Roar Halten at det jobbast iherdig med å få kontroll og fleire frivillige deltek i arbeidet.

– Vi har ikkje kontroll på brannen, sa lensmann Arnfinn Fuglevåg klokka 19.20.

– Er det fare for busetnad?

– Så lenge vi ikkje har kontroll så er faren der. Men vi håpar og trur at vi skal klare å stoppe brannen.

Helikopteret måtte gje seg

– Vi har mest brann oppe på fjellet og på tur ned mot Skarsdalen. Vi har etablert ei branngate der vi har felt ned tre og køyrar på med vann, sa lensmann Arnfinn Fuglevåg klokka 19.15.

– Dei har begynt å sløkkje delar av brannen, men i Skarsdalen brenn det framleis mykje, sa ordførar Ingunn Golmen til NRK klokka 18.35.

110-operatør Åge Henriksen sa til NRK.no klokka 16.35 at dei jobbar med å sikre ein gard på Skard og er i ferd med å setje opp ein brannvegg for å hindre at brannen spreier seg.

Eit helikopter frå hovudredningssentralen kom til Skardsøya klokka 17.30 for å hjelpe til. Klokka 19.15 opplyser politiet at helikopteret til Kristiansund for å fylle drivstoff, og då det returnerte hadde det blitt så tjukk skodde i brannområdet at heliopteret gje seg i sløkkearbeidet.

Sivilforsvaret er også kopla inn.

Evakuerer innbyggjarane

– Det er ein ganske omfattande gras- og lyngbrann, sa operasjonsleiar Thorry Aakenes til NRK.no klokka 15.50.

Det bles i området, og brannen spreier seg nordover. Det er opptil 300 bebuarar med hytteturistar i området.

– Det er ein del hytter og bustader i nærområdet, så vi evakuerer i området nord for brannen. Politi og brannkorps går no rundt med ropertar, sa operasjonsleiaren.

Leif Brage Stølhaug har hytte i området rundt og blei evakuert.

– Rundt klokka 14.30 begynte vi å sjå røyk på himmelen og så etter kvart mykje flammar frå eit fjell vi kallar for Knubben, sa han like etter.

Klokka 18.00 fortel politiet av evakueringa er under kontroll. Det er ikkje rapportert om skadar på hus eller personar.

Evakuerte samlast på grendehus

Det vart tidlegare meldt at Aure kommune etablerer eit evakueringssenter i kjellaren på grendehuset på Vihalsen.

– Det er litt kaotisk no med heilagdag og konfirmasjonar, så det kan vere at vi må etablere senteret ein anna stad, til dømes på Nordlandet, sa ordførar Ingunn Golmen like før klokka 17.

Klokka 18.35 opplyser Golmen at dei evakuerte likevel samlast på Vihalsen grendehus.

Artikkelen held fram etter videoen.

Ein lyngbrann er ute av kontroll på Skardsøy i Aure på Nordmøre. Brannkorps og frivillige jobbar på spreng for å hindre at brannen spreiar seg.

Brannkorps og frivillige jobbar på spreng for å hindre at brannen spreiar seg. Video: NRK/Roar Halten.

Får hjelp frå bønder

– Vi har ikkje skikkeleg samband med mannskapet på staden, så vi må kommunisere via mobiltelefon, sa brannmeister Sindre Furnes på 110-sentralen i Møre og Romsdal til NRK.no klokka 15.20.

Då hadde Aure brannkorps kome til staden medan Tustna brannkorps var på veg. Ifølgje brannmeisteren var det behov for fleire.

– Eg vil gjerne oppmode frivillige om å stille opp og hjelpe brannmannskapet, sa han til NRK. Fleire tok oppfordringa på alvor, fortel 110-operatør Åge Henriksen ein times tid seinare.

– Fleire bønder med traktorar hjelper til. Dei brukar møkkaspreiarane sine til å spreie vatn utover brannområdet, og det er svært effektivt. Vi er glade for å ha dei der, seier han.

Laster Twitter-innhold

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Brann på Skardsøy i Aure» i nytt vindu