Hopp til innhold

Brann ved gjenvinningsanlegg i Sunndal

Brannen ved gjenvinningsanlegget til Franzefoss i Sunndal førte til stor røykutvikling. Brannvesenet kjem til å bruke natta til kontrollert nedbrenning.

Brannen ved gjenvinningsanlegget til Franzefoss i Sunndal førte til stor røykutvikling. Foto: Knut Grimstad.

Like før klokka 12.00 meldte politiet at brannvesenet byrja å få kontroll på brannen ved gjenvinningsanlegget i Sunndal.

– Sløkkingsarbeidet vil likevel ta lang tid, og brannen blir truleg ikkje sløkt med det første. Flammane er minkande, men det fører også til auka røykutvikling, seier Borge Amdam, operasjonsleiar i politiet.

Saman med Sivilforsvaret kjem brannvesenet til å halde vakt heile natta, medan det pågår kontrollert nedbrenning.

Starta i ein haug med treavfall

Det var like etter klokka 08.00 at brannvesenet først melde om røykutvikling frå Franzefoss sitt gjenvinningsanlegg i Sunndalsøra. Dette utvikla seg så frå røykutvikling til brann.

Naudetatane rykte rask ut til staden og det blei klart at brannen skal ha starta i ein haug med treavfall.

På grunn av stor røykutvikling bad politiet naboane til anlegget og andre som bur i sentrum om å lukke vindauga sine.

– Det er ikkje snakk om å evakuere nokon på dette tidspunktet, sa Borge Amdam, operasjonsleiar i politiet til NRK i 08.30-tida.

Brannen ved gjenvinningsanlegget til Franzefoss i Sunndal førte til stor røykutvikling. Foto: Knut Grimstad.

Var lenge ute av kontroll

Like før klokka 09.00 melder politiet at det ikkje skal vere fare for at brannen ved gjenvinningsanlegget skal spreie seg til andre bygg.

Vaktleiar ved 110-sentralen, Kjetil Iversen, melde då at brannvesenet ikkje hadde kontroll på brannen.

– Brannbefal på staden slo full alarm, for alt tyder på at dette kjem til å betydeleg. Det er ein stor haug med trevirke. Det er snakk om eit bål på 30 gongar 40 kvadratmeter, sa Iversen.

Klokka 12.00 meldte politiet at brannvesenet byrja å få kontroll.

Brannvesenet fekk assistanse frå industrivernet på Hydro Sunndal. Også Sivilforsvaret hjelper til.

Ordførar i Sunndal, Ståle Refstie (Ap) seier at kommunen har tatt kontakt med skular og barnehagar med tanke på røyken.

– Dei må vurdere om enkelte av barna må halde seg innandørs dersom dei har astmaplagar eller om det er så mykje røyk at alle må vere inne, seier Refstie.

Brann ved Franzefoss, gjennvinningsanlegg i Sunndal

Brannvesenet byrjar å få kontroll på brannen.

Foto: Jan Erik Vangen / NRK