Hopp til innhold

Brann truleg påsett

Politiet trur at brannen i ei bustadblokk i Gjerdegata i Ålesund i natt var påsett.

Brann Gjerdegata
Foto: Rune Hansen / NRK

Brannen starta inne i eit husvære.

Politioverbetjent Arne Frøland fortel at dei førebelse undersøkingane syner at brannen truleg er påsett.

20 personar er evakuerte etter ein brannen.

Oppdaga av politiet

- Situasjonen var svært dramatisk og uoversikteleg då brannvesenet kom til staden, seier Børre Thorsen i Ålesund Brannvesen.

Brannen som starta i ei leiligheit i første etasje i Gjerdegata 5 i Ålesund sentrum vart oppdaga av politiet som var på patrulje i byen.

- Me var like i nærleiken då brannen starta. Hadde me ikkje oppdaga brannen sjølv, kunne dette gått verkeleg gale, fortel operasjonsleiar ved Sunnmøre politidistrikt, Leif Arne Valderhaug.

Dramatisk

Brannen starta rundt klokka 02.00 og spredte seg til kjellaren.

17 personar frå Ålesund Brannvesen var på staden og fekk kontroll over brannen eit par timar seinare.

- Det var kraftig røykutvikling i trappene og i leiligheitene, fortel Børre Thorsen i Ålesund Brannvesen.

Brann i Gjerdegata

Børre Thorsen

Foto: Ingunn Viken

Han seier situasjonen var dramatisk, og svært uoversikteleg då brannvesenet kom til staden.

Over 20 evakuerte

Det bur 22 personar i bustaden og desse er evakuerte og innlosjerte på Parken Hotell i Ålesund.

- Det er omfattande skader i leiligheita som brannen starta i. Det er også røykskader i dei andre leiligheitene, opplyser Valderhaug.

Brann i Gjerdegata

Brannmenn ferdig med slukkingsarbeidet

Foto: Ingunn Viken / NRK

Bebuerar i naboblokkene vart i ein periode evakuerte. Til saman vart rundt 40 personar evakuerte som følge av brannen.