NRK Meny
Normal

Brann stengde valderøytunnelen

Røykutvikling i ein elektrisk installasjon i taket førte til at valderøytunnelen blei stengd laurdag morgon. Brannen er no sløkt, og trafikken går ifølgje politiet som normalt.

Laster kart, vennligst vent...

Politiet opplyser klokka 10.50 at trafikken går som normalt gjennom tunnelen.

Litt tidlegare var det lange køar, og trafikken måtte sendast gjennom i puljer.

- Det har vore ein del kø, vi prøvar no å få flypassasjerane gjennom så snart som råd, seier operasjonsleiar Trygve Ødegård. Han opplyser at tunnelen blir stengd igjen om kort tid, for å få reparert skadane.

Brannen sløkt

Brannen er no sløkt, men valderøytunnelen er framleis stengd etter brann i ein elektrisk installasjon i taket.

- Elektrikar er på veg, og vi skal prøve å ta ned armaturen, så tunnelen blir nok stengd ei stund, opplyste brannvakta like etter klokka ni laurdag.

- Gnistra frå taket

Rett før klokka ni kom meldinga om brann i tunnelen.

- Det gnistrar frå taket, det er brann i lysarmaturar, seier operasjonsleiar Trygve Ødegård ved Sunnmøre politidistrikt.

- Håper ingen køyrer inn

Ifølgje politiet skal tunnelen vere tømt for bilar, etter at han blei stengd.

- Vi håper folk respekterer dette no då, og ikkje tullar seg inn der, seier Valderhaug.

Ventar køar

Politiet ventar køar utanfor tunnelen, men meiner situasjonen ikkje er dramatisk.

- Det er ikkje dramatisk, men det går ikkje an å køyre gjennom no.