Sveising kan vere brannårsak på gassanlegg

650 arbeidarar vart evakuert då det starta det å brenne på gassanlegget på Nyhamna i Aukra. Dei som stod nærast brannen vart undersøkt for røykskadar.

Nyhamna bygges ut

Ormen Lange er tømt for gass på grunn av vedlikehaldsarbeid. I dag starta det å brenne der.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Brannalarmen gjekk på gassanlegget på Nyhamna like før klokka 13.

– Det var røykutvikling i samband med sveising på eit rør. Heldigvis vart brannen sløkt ganske umiddelbart, seier Kitty Eide. Ho er informasjonssjef i Shell. Fire arbeidarar som oppheldt seg i nærleiken av brannen vart sjekka av helsepersonell, men hadde ikkje røykskader.

Tomt for gass

Anlegget er for tida tomt for gass fordi det byggast ut til å ta i mot gass frå fleire felt enn Ormen Lange. Det var ca. 650 arbeidarar inne på anlegget då det starta og brenne og dei vart evakuerte.

– Korleis hadde situasjonen vore dersom anlegget hadde vore fullt av gass?

– Det vil vere spekulasjonar, så det vil eg ikkje gå inn på, seier Eide. Anlegget er gassfritt nettopp for å utføre diverse arbeid på anlegget, som ikkje kan gjerast når det er i normal drift.

Små skader

Eide seier at dei tilsette er godt drilla på kva som skal gjerast dersom noko oppstår og at prosedyrane fungerte som dei skulle.

Ifylgje politiet skal det vere mindre materielle skader.

Siste video/lyd

Til helga er det seriestart i Eliteserien 2017. I dag sender NRK Møre og Romsdal fra stadion i Ålesund.
Gassanlegget på Nyhamna har dei siste ti åra tilført statskassa 325 milliardar kroner.
No blir anlegget bygd om til å bli eit gassknutepunkt.
Ved Hjørundfjordheimen på Sæbø i Ørsta har tatt i bruk ein ny sykkel. Dette set bebuarane stor pris på.
No har det blitt lettare å kome seg ut.