Politiet fekk melding om brannen klokka 17.50 og klokka 19.10 var brannen sløkt.
– Det var snakk om røykutvikling frå ein el-installasjon, fortalde brannmester Sindre Furnes ved 110-sentralen til NRK klokka 18.15.
Brannmannskap frå både Bud og Elnesvågen jobba med å sløkke brannen og det var også rekvirert stigebil frå Molde brannvesen for å nå opp brannstaden i eit el-rom like under taket.
Ifølgje operasjonsleiar i Nordmøre og Romsdal politidistrikt Jan Helge Kjøl kom ingen personar til skade i brannen.
Taktekking brannårsak
I følgje RBnett kan taktekking vere brannårsaka. Dagleg leiar i Hustadmarmor, Espen Lillebrygfjeld, seier det var taktekking som forårsaka røykutviklinga.
- Det blei brann og røykutvikling på taket under arbeid, og noko av røyken må ha siva inn ventilane og utløyst alarmen i el-rommet, seier Lillebrygfjeld til RBnett.