Hopp til innhold

Bustadhus totalskadd etter brann

Like før halv åtte laurdag kveld melde politiet om brann i ei garasje på Frei i Kristiansund. Det brann kraftig i garasjen og flammane spreidde seg til bustadhuset.

Like før halv åtte laurdag kveld melde politiet om brann i ei garasje på Frei i Kristiansund. Det brann kraftig i garasjen og det var stor fare for spreiing.

Brannen utvikla seg fort, og spreidde seg frå garasjen til bustadhuset. Ingen personar vart skadde. Foto: Eirik Haukenes.

brann flatset på frei kristiansund

Brannvesenet dreiv med ettersløkking utover laurdagskvelden.

Foto: Eirik Haukenes / NRK
Brann på flatset på frei i kristiansund
Foto: Eirik Haukenes / NRK

Alle naudetatane rykte ut til staden då dei fekk inn meldinga om kraftige flammar i ei garasje på Flatset på Frei. Brannvesenet trudde at garasjebrannen var under kontroll, og at den ikkje skulle spreie seg til bustadhuset.

Brannen blussa opp på nytt

Brannen blussa opp igjen, og tok godt tak i bustadhuset, opplyser operasjonsleiar ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt. Både bustadhuset og garasjen står ikkje til å redde, men ingen personar er skadde. Det eldre paret som eig huset var ikkje heime, og det var heller ikkje leigebuarane. Ein nabo varsla brannvakta om brannen.

Fleire evakuerte

Fleire nabohus er også evakuerte, men kvart over ni melde politiet at brannen var under kontroll.

– Det er ikkje fleire flammar igjen, men det kjem mykje røyk frå både garasjen og huset. Brannen blussar opp litt av og til, men det har brannvesenet kontroll på, seier operasjonsleiaren.

Nabohusa skal ikkje lenger stå i fare, men det er ikkje meir enn 30 meter frå garasjen til det nærmaste nabohuset. Det vart så varmt i området at det bobla i malinga på nabohuset, og difor vart dei evakuerte.

Lang veg for brannvesenet

Kjetil Iversen ved 110-sentralen seier at lang køyreveg for brannvesenet kan vere grunnen til at brannen fekk så godt tak.

– Det er eit godt stykke å køyre frå Kristiansund til andre sida av Frei, og på den tida fekk flammane ei god stund til å utvikle seg, seier Iversen.

Like før halv åtte laurdag kveld melde politiet om brann i ei garasje på Frei i Kristiansund. Det brann kraftig i garasjen og det var stor fare for spreiing.
Laster Twitter-innhold

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL