Hopp til innhold

Mann inne til avhøyr

Alle naudetane rykte ut til ein brann i ein nedlagt bilverkstad i Fræna. Ein mann sit no i avhøyr i samband med brannen.

Brann i bilverkstad

Brannvesenet frykta at gassflaskene skulle eksplodere.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Det var i ein bil i garasjedelen i ein nedlagt bilverkstad det starta brenne. Klokka 10.40 meldte politiet at brannen var under kontroll.

– Det var ei gassflaske i garasja og vi stengte difor fylkesveg 663 mot Elnesvågen, seier operasjonsleiar Tore Hals.

Brann i Moakrysset i verksted i Elnesvågen

SLØKT: Brannvesenet meldte at dei hadde kontroll på staden klokka 10.40.

Foto: Joar Nerland

Det skal ikkje ha vore folk der i bygninga, men det bur folk i nærleiken og dei vart varsla. Det står fleire bilar i bygget. Innbyggjarar i Elnesvågen fortel til NRK at det kom mykje røyk frå bilverkstaden som brenn ved Moakrysset. Verkstaden er ikkje i drift som verkstad lenger, men blir brukt som garasje for bilar.

Klokka 10.30 meldte 110-sentralen at dei har fått ut ei gassflaske som er like heil.

Dei var usikre på om det er fleire gassflasker i bygninga, og vi måtte kjøle ned området før dei gjekk inn.

– Vi prioriterer tryggleiken til brannmannskapet først, seier brannmester Sindre Furnes.

Han seier at det er farleg når gassflasker vert varmapåverka og at dei kan eksplodere.

Branvesenet driv no ettersløkking. Bygget er skadd, men politiet har ikkje oversikt over kor store øydeleggingane er.

RBnett skriv at ein mann vart ført bort av politiet på staden. Operasjonsleiar Tore Hals seier til avisa at pågripinga har samband med ei anna hending.

No i ettermiddag seier politiet til NRK at mannen sit i avhøyr. Han vart observert i nærleiken av der brannen starta, og har til no ikkje forklart kva han gjorde der.

elnesvågen