Ein pågripen etter brann på asylmottak

Politiet mistenker at ein mindreårig asylsøkjar har sett på brannen på asylmottaket i Sunndal.

Sunndalsøra asylmottak

Politiet meiner at brannen i dag vart påsett og har arrestert personen som bur på rommet der det starta å brenne.

Foto: Eindride Gravem

Politiet fekk melding om brannen klokka 10.14 i dag. Brannen starta på eit av romma og vart fort sløkt. Asylsøkjaren som budde på rommet er sendt til legen for sjekk.

– Vi har grunn til å tru at brannen er påsett og at det kan vere han som bur på rommet som står bak, seier operasjonsleiar Sigvart Sivertsen ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt. Politiet vil avhøyre guten.

– Sidan han er mindreårig handsamar vi han som eit barn og han vil dermed ikkje bli sett i fengsel, seier Sivertsen.

Det er berre kort tid sidan det var brann på same asylmottak. 5. august var det ein gut som starta brann ved å tenne på nokre eggekartongar i gangen. Sivertsen understrekar at det ikkje er snakk om same person.