Hopp til innhold

Brann i Vestnes

Naudetatane rykte ut til brann i ein garasje tilhøyrande ein bustad på Daugstad i Vestnes i natt. Dei to bebuarane er gjort reie for. Brannvesenet har sløkt brannen, som ikkje spreidde seg til sjølve huset. Ein mann meinte han såg opne flammar frå andre sidan av fjorden og varsla politiet, som fekk bebuarane ut. – Han gjorde ein kjempejobb ved å ringe, seier operasjonsleiar i politiet Roar Fylling. Politiet mistenker at ein gamal traktor som stod ved garasjen ha vore med på å starte brannen.