Brann i vaskemaskin

Brannvesenet har no kontroll på brannen i ein einebustad i Liabygda i Stranda. Ifølgje politiet skal det ha vore eit lite branntilløp i ei vaskemaskin. Brannvesenet har starta utlufting. Politiet er også på staden og gjer sine undersøkingar.