Hopp til innhold

Brann i ubebudd bustad på Vartdal

Et eldre bolighus på Vartdal i Ørsta brant ned til grunnen seint onsdag kveld. Da brannmannskapene kom til huset var det full fyr. Brannvesenet sleit med vasstilførselen i området, men har fekk bistand frå tankbilen til Volda brannvesen.

Bustadbrann i Vartdal

Det er full fyr i einebustaden på Vartdal.

Foto: Ellen Fredriksen

Brannvesenet fekk melding om brannen klokka 21.33 og rykte ut med bilar både frå Vartdal og Ørsta.

– Det er full fyr i huset. Vi har starta utvendig sløkking, sa operatør ved 110-sentralen, Nils Bjerknes til NRK like før klokka 22.

Politiet seier at det ikkje var personar i huset då brannen starta.

Også 110-sentralen stadfestar at det ikkje er folk i huset.

Er det fare for spreiing av brannen?

– Det skal det ikkje vere, etter dei opplysningane eg har, seier Bjerknes.

Brann i bustadhus på Vartdal

Ingen personar var i huset då det starta å brenne.

Foto: Ellen Fredriksen

Det er ein del røyk frå staden, opplyser politiet klokka 22.20. Det bur ikkje folk i det eldre huset til vanleg, men slik politiet forstår skulle to personar overnatte der i natt. Dei to var ikkje inne då brannen starta.

Brannvesenet har problem med tilgangen til vatn, som skaper problem for sløkkearbeidet.

– Vi sender tankbil frå Volda. Det er problem med vasstilførselen, seier Bjerknes.

Det er for tidleg å seie noko om brannårsaka.

Vartdal