Brann i trehus i Ålesund sentrum – 16 personar evakuert

Det har oppstått brann i eit trehus i Ålesund. Etter klokka 20 melder politiet at brannen er under kontroll.

Brann i Ålesund sentrum

Det har oppstått brann i eit eldre trehus i Sundgata Ålesund sentrum. Politiet har evakuert folk frå husa rundt.

Foto: Gunhild Sætre

Politiet fekk raskt kontroll på at alle kom seg ut frå det brennande huset. Til saman 16 personar i tre ulike bygningar blei evakuerte.

– Brannvesenet har jobba no i godt over ein time og har fått delvis kontroll på brannen, men det brenn framleis i takkonstruksjonen, seier innsatsleiar i politiet, Per Ivar Hovden rundt klokka 19.45.

Klokka 20.10 melder politiet at brannen er heilt under kontroll. Brannvesenet har no starta ettersløkking.

Innsatsleder brannvesenet i Ålesund

Innsatsleiar i politiet, Per Ivar Hovden.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Vinden skapte utfordringar

Brannen blei oppdaga av ein politipatrulje som tilfeldigvis køyrde forbi, og skal ha utvikla seg raskt.

– Det var mykje røykutvikling i tidleg fase. Vinden var kraftig og snudde mykje. Vi hadde også store problem med at det var mykje folk i sentrum som vi måtte halde unna røyken, seier Hovden.

Det var klokka 18.30 at politiet melde om brannen. Det spreidde seg mykje røyk utover området, og politiet bar folk i nærleiken om å stenge vindauge og ventilar.

Tidlegare NRK-journalist Gunhild Sætre var tidleg på staden. Ho kunne då fortelje om smell frå det rundt 100 år gamle huset.

Brann i Ålesund

Huset det brann i ligg i Sundgata nær Kiwi og Sunnmørsposten.

Foto: Stefan Olsen

– Huset er overtent og flammane har slått gjennom taket. Det kjem mange små eksplosjonar, seier Sætre.

Sønene oppdaga brannen

Odd Sindre Silnes er ein av bebuarane. Han fortel at sønene hans på 16 og 14 oppdaga at det brann i bakgarden.

Huseigar i Ålesund

Odd Sindre Silnes (t.h.) og sønene hans.

Foto: Synnøve Hole / NRK

– Dei høyrde noko som høyrdest ut som det rann vatn. Så høyrde dei eit smell, gjekk ut utgangsdøra og kika i bakgarden mot bakken. Då brann det allereie godt, seier Silnes.

– Korleis trur du det her går då?

– Vi kjem nok ikkje til å bu her noko meir. Det vi har er sannsynlegvis øydelagt.

Beredskapsansvarleg i Ålesund kommune har begynt å jobbe med å ivareta dei berørte. Dei vil blant anna ordne mellombels bustad for dei som har mista heimen.