NRK Meny
Normal

Brann i Sykkylven

Politiet melder til NRK at ingen personar er skadd og at det ikkje er fare for spreiing.

Brann i bustadhus i Sykkylven

Ifølge Sunnmøre politidistrikt er spreiingsfaren no under kontroll.

Foto: Stian Sve

Sunnmøre politidistrikt meldte klokka 23.05 om brann i eit hus i Sykkylven.

Naudetatane er på staden ved brann i eit bustadhus i Sykkylven. 110 sentralen melder til NRK at huset er overtent og at det no går føre seg slukking på staden.

Politiet melder til NRK at ingen personar er skadd og at det ikkje er fare for at brannen kan spreie seg.