Lageret til Olav E. Fiskerstrand sto ikkje til å redde. Foto: Lars Nikolay Riksheim.
Mannen som blei pågripen har site i avhøyr i formiddag. Politiet opplyser til NRK Møre og Romsdal at mannen no har tilstått eldspåsetjinga. Politiet reknar no saka som oppklart, og mannen blir ikkje varetektsfengsla.
Lager
Det var eit omlag 400 kvadratmeter stort lagerlokale ved fiskeprodusenten Olav E. Fiskerstrand som brann ned til grunnen.
Full fyr
Brannen i huset på tre etasjar starta i 01.30-tida, og brannmannskapa klarte å hindre at den spreidde seg til dei andre bygningane i bedrifta.
Tennbar veske
Etter det politiet kjenner til, har ikkje den pågripne vore innblanda i liknande saker. Mannen har forklart til politiet at han skulle brenne rusk, og at han brukte insekstsmiddel for å få fyr. Etterkvart skal han ha mista kontrollen over bålet, og det 400 kvadratmeter store lagerlokalet tok fyr.
Brannen ved Olav E. Fiskerstrand i Sula starta i 01.30-tida. Foto: Lars Nikolay Riksheim.