NRK Meny
Normal

Brann i skulebuss: – Dramatisk for elevane

Ein skulebuss byrja å brenne rett før 200–300 elevar skulle på tur til Strandafjellet.

Brann i skulebuss

Slik såg det ut etter at brannen i skulebussen var sløkt onsdag føremiddag.

Foto: Tipser

Det var like før klokka ni onsdag morgon at det tok fyr i maskinrommet på ein skulebuss ved Ringstad skule i Stranda.

Rektor Bjørn Helge Nygård seier til NRK at bussen var full av elevar då det byrja å brenne, men at alle blei kjapt evakuert då dei oppdaga røyken.

– Alt gjekk heilt etter boka. Alle elevane kom seg raskt i tryggleik, og hjelpemannskapa kom kjapt til staden og starta sløkking, seier Nygård.

Ingen fysisk skadd

Sjølv om episoden fekk ein lykkeleg slutt, legg rektoren ikkje skjul på at det var dramatisk for dei om lag 200–300 elevane å stå og såg på at bussen som skulle ta dei til fjells stod i brann.

Ifølgje John Kåre Flo, operasjonsleiar ved Sunnmøre politidistrikt, var det om lag tjue born i bussen då den byrja å brenne.

– Bussjåføren fekk alle trygt ut av bussen, og etter det vi veit skal ingen vere fysisk skadd, seier han.

Etter brannen snakka politiet med elevane om det som hadde skjedd.

Prøvde å sløkke brannen

Bussen frå det lokale selskapet, Ingers Trans, skulle frakte 3. og 4.-klassingar ved skulen til skidag på Strandafjellet. Bussjåfør Oddbjørn Overvoll heldt på å laste ski og bagasje inn i bussen då han oppdaga at det kom røyk og gnistar frå motorrommet på bussen.

– Eg opna panseret for å sjå kva det var og då var det allereie flammar inne i motorrommet. Då var hovudfokuset å få elevane fortast mogleg ut av bussen, seier Overvoll.

Saman med lærarane fekk han raskt evakuert elevane ut av bussen og i tryggleik. Overvoll prøvde sjølv å sløkke flammane med brannsløkkingsapparatet frå bussen, medan dei venta på at brannvesenet skulle kome til staden. Han var glad for at skadane ikkje vart større.

– Materiale skadar kan erstattast, heldigvis var det ingen personar som blei skada, seier bussjåføren.

Røyk i sentrum

Like før klokka ni melde politiet at brannvesenet hadde kontroll over brannen, og heldt på med ettersløkking.

Røyken frå skadestaden gjekk umiddelbart ned mot Stranda sentrum, og innbyggjarane har difor fått beskjed av politiet om å lukke vindauga inntil vidare.

Brann skolebuss stranda
Foto: Tipser