Hopp til innhold

Mann i 40-åra redda ut etter brann i bustadhus i Molde

Ein mann i 40-åra er sendt til sjukehuset i Molde, etter å ha blitt redda ut av brannvesenet tysdag kveld.

molde

Ein mann i 40-åra blei tysdag kveld henta ut av leiligheita der han bur i Molde, etter det som truleg var tørrkoking.

– Vi har ingen indikasjonar på at det er noko alvorleg, men han har fått i seg noko røyk, og blitt liggande på golvet, seier operasjonsleiar Ole Wulvik ved politiet.

Det var ifølgje Wulvik røykdykkarar frå Molde brannvesen som fann mannen, og fekk han ut frå den røykfylte leiligheita. Det skal ikkje ha vore opne flammar på staden.

Først fekk mannen behandling av helsepersonell på staden, deretter blei han køyrt vidare til Molde sjukehus.

Det var ingen andre i leiligheita.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold