Hopp til innhold

Har kontroll på brann i Kristiansund

Brannvesenet har no kontroll på brannen i eit leilegheitsbygg i Kristiansund og har starta med ettersløkking.

Brann i Kristiansund

Brannen starta i 2. etasje i eit leilegheitsbygg i Kristiansund.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Det opplyser brannvesenet 10.20. Dei har no starta med ettersløkking på staden.

Det var i 09.00-tida at politiet først melde om røykutvikling i eit leilegheitsbygg i sentrum av Kristiansund. Ifølgje brannvesenet skal brannen ha starta i andre etasje.

– Det er fare for spreiing til første etasje. Brannen har også truleg spreidd seg til loftet og det er mykje røyk på staden, opplyste 110-sentralen i Møre og Romsdal i 09.20-tida.

Brannvesenet bad folk om å halde seg unna skadestaden og bad også naboane til bustaden om å lukke dører og vindauge.

Kontroll på alle bebuarane

Leilegheitsbygget består av to like delar. I den delen der brannen starta skal det ha budd fire personar. Dei fleste av bebuarane kom seg sjølv ut av bygget. Røykdykkarar frå brannvesenet var også på staden for å søke gjennom bygget.

– To personar er tatt hand om av helsepersonell, seier John Bratland, operasjonsleiar i politiet.

Politiet melde først at dei ikkje hadde kontroll på alle bebuarane i leilegheitsbygget.

– Vi har no oversikt over alle personane som budde på adressa, sa Bratland i 09.30-tida.

Kristiansund kommune har oppretta alternative bustadar for bebuarane i huset.

– Brannårsaka er så langt ukjent, seier Bratland.

Saka vil bli etterforska av politiet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Markering for samtykkelov utanfor Stortinget i Oslo.

Krev at ei samtykkelov kjem på plass no