Brann i Kristiansund

Naudetatane rykte ut til brann i ein bustad på Dale i Kristiansund natt til torsdag. Familien som bur der kom seg ut, og alle er uskadde. Like før 05 melde brannvesenet at brannutviklinga var stoppa, men dei jobbar framleis på staden.