Hopp til innhold

Brann i hytte på Tingvoll

Brannmannskap har rykka ut etter melding om brann i ei hytte ved Straumsvågen i Tingvoll. Den første bilen er på staden, opplyser 110-sentralen.

– Det er full fyr i ei hytte, og det er det einaste vi veit så langt. Mannskap frå stasjonane i Straumsnes, Tingvoll og Batnfjord er på staden no, seier vaktleiar ved 110-sentralen, Petter Aksel Kirkebø til Tidens Krav.