Har sløkt husbrann i Sykkylven

Eit hus har fått store skader i ein brann i Sykkylven på Sunnmøre. Ingen personar blei skadd i brannen.

Brann i Sykkylven

Brannen spreidde seg til taket på huset.

Foto: Tipsar

Det melder brannvesenet i 12.30-tida fredag.

Det var like før klokka 09.30 at politiet i Møre og Romsdal først melde om ein brann i ein einebustad i Sykkylven. Alle naudetatane rykte ut til staden.

Brann Sykkylven

Røyken frå huset viste på lang avstand.

Klokka 10.20 melde 110-sentralen i Møre og Romsdal at det framleis brenn i taket på huset, men at røykdykkarar har dempa intensiteten på brannen. Om lag to timar seinare var brannen sløkt. Bustaden skal ha fått store skadar i brannen.

Fem blei evakuert frå huset

Det skal ha vore fem personar i huset då det byrja å brenne.

– Alle kom seg ut av huset. Ein person har fått i seg litt røyk, men skal vere uskadd, seier Sindre Molnes, operasjonsleiar i politiet i Møre og Romsdal.

Det er så langt ukjent kva som var årsaka til brannen. Politiet har fredag gjort undersøkingar på staden og vil gjennomføre avhøyr av vitne.

Evakuerte nabohus

Brannvesenet evakuerte også eit nabohus på grunn av fare for spreiing.

På eit tidspunkt bad også politiet at folk som budde i nærleiken av Kyrkjevegen lata att vindauga sine. Dette fordi det var ein del røyk i området.

– Brannen skal ha starta i ein kjellar og det brenn godt på staden, sa Tor Ivar Sjåstad, operasjonsleiar for 110-sentralen i Møre og Romsdal til NRK i 09.45-tida.