Tre til sjukehus etter brann i høgblokk

– Det har gått bra med dei tre mennene, seier politiet på ein pressekonferanse. 80 personar er evakuerte etter brannen i ei høgblokk på Volsdalsberga i Ålesund.

Brann Sjømannsvegen

80 personar er evakuerte frå blokka på Volsdalsberga i Ålesund.

Foto: Trond Gulbrandsen

Ålesund kommune har kalla inn kriseteamet. Kriseleiinga i kommunen har tatt i mot åtti evakuerte på Scandic Parken Hotell. Politiet melder at bygget er søkt gjennom, og at alle er evakuerte.

Brann høyblokk Ålesund

Tre menn blei sendt til sjukehus etter brannen.

Foto: Tipser

Folka som var i høgblokka i Sjømannsvegen er frakta med bussar til Parken. Dei har fått orientering av politiet og brannvesenet. Ingen av dei evakuerte får flytte heim i kveld.

– Årsaka til dette er at det er for mykje røyk i bygget, som må luftast godt ut før det er forsvarleg å sende inn folk, seier brannsjef Geir Thorsen.

Tre sendt til sjukehus

Kommunikasjonsrådgjevar Hege Hegle i Helse Møre og Romsdal seier at det er tre menn som er på sjukehuset etter brannen. Det er ein i tjueåra, to i femtiåra. Dei får behandling for lettare røykskadar.

Pressekonferanse om brann

Politiet og brannvesenet hadde ein pressekonferanse om brannen i Ålesund.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Politistasjonssjef Oddbjørn Solheim seier på ein pressekonferanse at dei tre mennene blir verande på sjukehuset til observasjon til i morgon.

Skrekkscenario

– Ein brann midt på føremiddagen i ei høgblokk er eit screkkscenario, seier Oddbjørn Solheim. Han seier at den viktigaste jobben framover blir å ta vare på folka som har vore involverte i dette.

Varaordførar Tore Johan Øvstebø seier at kommunen vil sørge for at alle har ein stad å bu.

Mange eldre og uføre

Ein del av dei som budde i blokka var eldre. Derfor tok det lang tid å evakuere blokka. Ei privat bedrift like ved tok vare på dei evakuerte den første tida.

– Det var ingen tilløp til panikk. Folk tok det roleg, seier Per Ivar Hovden i politiet. Men han opplevde det svært dramatisk då ha såg flammar på utsida av blokka.

Brigadeleiar Gisle Skrede i brannvesenet seier at det aldri er kjekt å få melding om ein brann i ei blokk. – Men det har gått veldig bra, seier han.

Gisle Skrede, brigadeleiar

Brigadeleiar Gisle Skrede kan ikkje svare på om alarmsystemet i blokka fungerte som det skulle.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Han får spørsmål om alarmsystemet fungerte som det skulle.
– Eg veit ikkje, seier Skrede.

Politiet treng tid

Det var brann i berre ei leilegheit, men røyken spreidde seg til naboleilegheitene.

Det kan gå tid før dei evakuerte kan flytte heim att. Politiet seier at dei treng tid på åstaden.

Kort veg til brannen

Høgblokka har tolv etasjar. Det er 65 leilegheiter i huset. Naudetatane var på plass like før klokka 11.

Brannvesenet hadde kort veg til då brannen, då dei held til i same gate som høgblokka.

Dei sette opp ein høg stige ved høgblokka. Seks brannbilar og sju ambulansar var på staden.

Evakueringssenter, Scandic Parken

Ålesund kommune har oppretta eit evakuerings- og pårørandesenter på Scandic Parken Hotell.

Foto: Håvard Ketil Sporsheim / NRK

Uklar brannårsak

– Ein av dei tre mennene var bevisstlaus då han vart sendt til sjukehus, seier operasjonsleiar Erik Mikaelsen ved Møre og Romsdal politidistrikt til NRK. Åtti personar er evakuerte. Det er for tidleg å seie noko om årsaka til brannen.

Operasjonsleiaren seier at uvanleg store ressursar har vore involverte i brannen tysdag. Politiet og brannvesenet har hatt mange folk og bilar ute. Det same har ambulanse- og helsetenesta.

Brann høgblokk

Brannen i høgblokka førte til at alt som var av ressursar rykte ut.

Foto: Synnøve Hole / NRK

– Høyrde ein smell

Anne Bergheim bur i blokka. Ho seier til NRK at ho høyrde ein smell:

– Etter smellen kika eg ut kjøkenvindauget. Då såg eg ei kvinne som kom springande og ropte at det brann og at alle måtte ut.

– Kva gjorde du då?
– Eg sprang ut, i det eg gjekk og stod i.

– Korleis opplevde du at det brann i blokka du bur i?
– Forferdeleg, eg vart veldig redd. Her bur så mange. Eg har ei venninne som bur i 6. etasje som sit i rullestol. Heldigvis har dei fått henne ut, seier Bergheim.

Brann i høgblokk i Ålesund

Høgblokka i Sjømannsvegen er eitt av dei høgaste bygga i Ålesund.

Foto: Einar Orten Trovåg / NRK

Kjende røyklukt

Sigurd Dybvik bur i 10. etasje. Han var på veg ut av blokka då det byrja å brenne.
Han kjende røyklukt, men reagerte ikkje spesielt på dette.

– Eg trudde lukta kom frå arbeid som går føre seg i blokka, seier han til NRK. – Så fekk eg telefon frå ein nabo om at det brann i blokka. Då eg kom ut av garasjen såg eg at det kom brannbilar, og at fleire var ute av blokka, seier bebuaren til NRK.

Brann høgblokk, Ålesund

Mange ambulansearbeidarar var i aksjon under brannen i Sjømannsvegen.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Høgblokka i Sjømannsvegen 10 er eitt av dei høgaste husa i Ålesund kommune. Politiet ber folk som bur i huset, men som ikkje var der under brannen, om å ta kontakt.

– Vi vil ha oversikt over kven som var der og kven som ikkje var der, seier operasjonsleiar Erik Mikaelsen i politiet til NRK.