Det var omlag 400 grisar i fjøset, då brannen braut ut like før klokka 18 måndag kveld. (Foto: Reidar Opsal, Bygdebladet).
Rosar snarrådige naboar
Ingen av grisane blei skadde i brannen. Til alt hell var det folk i fjøset då brannen starta. Snarrådige naboar kom til staden og veterinær Jon Hølmo rosar bonden og naboane som raskt tok hand om dyra. Han meiner det var svært godt gjort å få ut grisane så fort.
200 grisar måtte slaktast
Brannårsaka er ukjent, men brannen starta nær eit aggregat. Hølmo seier det var mykje røyk i det rommet der brannen starta. Det var hol i delar av taket og veggen, og det var mykje vatnskadar.
Sjølv om grisane blei berga ut måtte 200 grisar naudslaktast allereie i går kveld. I tillegg blir 70 smågrisar selde. Resten av dyra må vere i provisoriske lokale inntil vidare. Det er ikkje mogleg å flytte grisane tilbake til fjøset, seier Hølmo. Det er ikkje noko ventilasjonsanlegg i fjøset etter brannen, og taket er metta med vatn.