Brann i ferja mellom Seivika og Tømmervåg

Brannen i bilferja «Glutra» som går mellom Seivika og Tømmervåg vart raskt avverja.

Brann i Glutra

Like etter klokka 21 vart det meldt om brann i fassferja MF Glutra.

Foto: Eirik Haukenes

Klokka 21.07 fekk politiet melding om brannen i BF «Glutra» som er verdas første gassdrevne ferje og har vore i drift sidan år 2000.

Både redningsskøyta, politi, brannvesen og ambulanse rykte ut til kaia i Seivika for å ta imot ferja når den la til kai.

Ferja greidde å gå inn til land for eiga maskin då den var ti minutt frå land.

– Ein høg smell

Ordføraren i Smøla kommune, Ivar Nordseth, var om bord i ferja då brannen starta.

– Vi høyrde ein kraftig smell, men forstod ikkje kva det var som skjedde. Vi oppfatta aldri situasjonen som dramatisk, og forsto ikkje før vi fekk informasjon frå mannskapet at det var snakk om ein muleg brann, seier Nordseth til NRK.

– Smellen høyrdes ut som om noko støytte hardt mot metall, legg han til.

Ferjeturen mellom Seivika og Tømmervåg tek litt over 20 minutt, og ifølgje Nordseth var ferja midtfjords då dei høyrde smellen.

– Då vi kom til land møtte redningspersonell oss på land. Vi rygga på land, og dei rykte raskt ut for å undersøke maskinrommet, seier han.

Iver Nordseth

Smøla-ordførar Ivar Nordseth var om bord i ferja då brannen starta.

Foto: Eirik Haukenes

Raskt avverja

Klokka 21.35 meldte brannvesenet frå at det ikkje lenger var brann om bord i maskinrommet.

Brannen skal ha starta i motoren, og politiet veit førebels ikkje kva som er årsaka, men ferja sitt eige system har med stor sannsynlegheit greidd å slukke brannen sjølv.

– Det var inga røykutvikling, gasslekasje eller flammar då brannvesenet kom om bord i ferja, seier operasjonsleiar ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt, Harald Rønning.

Ingen personskade

Ingen vart skadde i hendinga.

Det var 22 passasjerar, seks frå mannskapet og 13 bilar om bord i ferja då brannen starta.

Det er Fjord1 MRF som driftar sambandet.

Glutra

MF Glutra er verdas første gassferje.

Foto: Harald M. Valderhaug / Fjord 1

BF «Glutra» har ein kapasitet på 124 personbilar.

Sambandet er førebels innstilt, melder Fjord 1 MRF si varslingsteneste.