Hopp til innhold

Brann i garasje

Like etter klokka 03.30 i natt rykte naudetatane ut til ein bustad I Barstadvik i Ørsta. Der hadde det byrja å brenne i ei garasje. Bebuarane kom seg raskt ut av huset. Brannen spreidde seg vidare til eit bustadhus, men brannvesenet fekk etter kvart kontroll på brannen i 04.00-tida. Garasjen og to bilar blei totalskadd i brannen, opplyser politiet. Sjølve bustaden blei berga, men det skal vere skader på ein vegg.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL