Hopp til innhold

Brann i fjøs i Ålvundfjord

Naboar oppdaga at fjøsen stod i full fyr. Då brannvesenet kom til staden var bygninga brent ned.

Ålvundfjord

Det var i 04-tida i natt at brannen i Ålvundfjord i Sunndal vart oppdaga av naboar. Det var ikkje dyr i fjøsen og dei som bur på garden var ikkje heime. Også ei gravemaskin som stod i nærleiken tok fyr.

– Det er ikkje fare for at brannen skal spreie seg, seier Leif Bergem-Ohr, som er operasjonsleiar ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

Driftsbygninga er nedbrent og brannvesenet driv no ettersløkking. Det er uvisst kva som er årsaka til brannen. Politiet vil etterforske saka.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL