Hopp til innhold

Fleire dyr omkom i fjøsbrann

Minst tre kviger og to hestar omkom då eit fjøs i Rindal på Nordmøre blei totalskadd i ein brann laurdag ettermiddag. I tillegg måtte ein kalv avlivast av veterinær.

Eit fjøs vart totalskadd i ein brann i Rindal på Nordmøre laurdag.

Fjøset vart totalskadd i brannen. Dei fleste dyra som var inne i fjøset blei berga ut då det byrja å brenne, men tre kviger og to hestar omkom i brannen.

Det var i 14.30-tida laurdag at politiet fekk melding om ein brann i eit fjøs på Romundstadbygda i Rindal. Alle naudetatane rykka raskt ut til staden.

Fleire dyr brann inne

Det skal ha vore kyr, hestar og nokre høner inne i fjøset då det byrja å brenne.

Fjøsbrann i Rindal

Ein rekke brannvesen jobba på staden for å sløkke brannen.

Foto: John Storholt

– Ifølgje eigarane har tre kviger og to hestar omkome i brannen. Om lag 50 dyr er ute av fjøset og ser ut til å vere uskadd, melde politiet i 15.40-tida laurdag.

Ein veterinær blei tilkalla for å undersøke dei evakuerte dyra og klokka 17.00 kunne politiet fortelje at mellom anna ein kalv måtte avlivast.

Kjelder på staden fortel til NRK at det kan vere snakk om å avlive fleire dyr.

Ukjent brannårsak

Klokka 17.00 opplyser politiet at brannen er sløkt og at brannvesenet held på med ettersløkking.

Brannvesenet frå Rindal og Surnadal fekk støtte frå brannvesenet i Meldal i Trøndelag, og dei jobbar no for å sløkke brannen.

Det er så langt uklart kva som var årsaka til brannen. Saka vil bli etterforska.

Fjøsbrann Rindal

Fjøset fekk store skadar i brannen.

Foto: John Storholt

Ingen personskadar

Operasjonsleiaren fortel vidare at det ikkje skal vere snakk om personskadar i samband med brannen.

– Etter det vi veit er det ingen personar som har fått skadar, seier Leif E. Bergem-Ohr, operasjonsleiar i politiet på Nordmøre og i Romsdal til NRK.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL