Hopp til innhold

Brann i elskap

På Holsneset i Langevåg i Sula byrja det å brenne i fleire elskap i ein trafokiosk i natt. Då brannmannskapa kom fram fekk dei raskt kontroll og starta ettersløkking. Brannårsaka er ikkje klar, men dette blir undersøkt nærare i dag.