Hopp til innhold

Brann i einebustad på Vestnes

Sju personar kom seg ut i god behald då det byrja å brenne i kjellaren i ein einebustad på Vestnes tysdag kveld.

Brann Vestnes

Brannvesenet fekk melding om brannen klokka 21.58 og om lag ein halvtime seinare var brannen sløkt.

– Røykdykkarar frå Vestnes brannvesen tok seg inn i kjellaren og fekk sløkt brannen, fortel operatør ved 110-sentralen, Sindre Furnes, til NRK klokka 22.30.

Brannvesenet fekk raskt kontroll over brannen i kjellaren.

Det var sju personar i bustaden som alle blei evakuerte. Det var tre vaksne og fire born ifølgje politiet. Ingen personar blei innlagt på sjukehus.

– Huset har røykskadar, men det gjekk heldigvis bra med dei som var inne i huset, seier Furnes.

Årsaka til brannen er ukjend.

Laster Twitter-innhold