Hopp til innhold

Brann sløkt i bustad på Haramsøya

Torsdag ettermiddag brann det i ein einebustad på Haramsøya. Alle skal ha kome seg ut av bygningen før brannvesenet kom til staden.

Brann i bustadhus på Haramsøya i Ålesund.

BRANN: Torsdag ettermiddag byrja det å brenne i ein bustad på Haramsøya i Ålesund kommune. Det skal ikkje ha vore fare for spreiing, ifølgje politiet.

Foto: Pål Johannes Nes / Privat

Det var klokka 14.16 at politiet i Møre og Romsdal først meldte at naudetatane var på veg til ein einebustad på Haramsøya nord for Ålesund.

Klokka 14.50 opplyste brannvesenet at brannen er sløkt.

Ifølgje politiet skal alle ha blitt evakuerte frå bygningen før brannvesenet kom til staden.

– Ingen av dei som var i bustaden skal ha blitt skadd i samband med brannen. Dei har fått tilsyn av helsepersonell, fortel Sindre Molnes, operasjonsleiar i politiet.

Mykje røyk

Då brannvesenet først kom fram var der mykje røyk, ifølgje operasjonsleiar hos politiet, Roar Fylling.

Det var ikkje fare for at brannen skulle spreie seg. Det var også lite vind i området torsdag ettermiddag.

Sindre Molnes

Sindre Molnes, operasjonsleiar i politiet, seier at huset truleg har fått ein del røyk- og vasskadar.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Det er omkring 50 meter til næraste bustadhus, so akkurat no er det ikkje fare for det. Vêret er stabilt og roleg no, sa Fylling til NRK tidleg under hendinga.

Mykje av røykutviklinga kom frå taket på huset.

– Huset har truleg fått ein del røykskadar, men også vasskadar i samband med sløkkingsarbeidet. Det er truleg ikkje mogleg å bu der i dag, seier Sindre Molnes, operasjonsleiar i politiet til NRK i 15.40-tida.

Uklart kva som starta brannen

Han seier at det er for tidleg å seie noko om årsaka til brannen.

– Brannvesenet har lokalisert eit område der dei mistenker at brannen kan ha starta. Men ein må undersøke det nærare, seier Molnes.