Brann i einebustad på Gåseid
Det brenn i ein einebustad på Gåseid i Ålesund, melder politiet på Twitter. Bebuaren skal vere ute av huset. Naudetatane er på veg til staden. Ifølgje Tor André Gram Franck, operasjonsleiar i politiet, skal huset stå for seg sjølv og det skal ikkje vere fare for spreiing.