Brannvesenet har funne ein død person etter ein husbrann i Eidsbygda i Rauma.
Politiet opplyser at det truleg er snakk om ein person busett i huset, som dei har leita etter i og rundt brannstaden. Pårørande er varsla.
Brannen var svært kraftig og huset har delvis kollapsa. Det gjekk fleire timar før brannvesenet kunne leite inne i huset.
Alle tilgjengelege brannmannskap frå brannstasjonane på Åndalsnes og Åfarnes rykte ut til staden. I tillegg kom det forsterkingar frå nabokommunen Molde.
Politiet skreiv tidlegare i ettermiddag på Twitter at dei ikkje hadde gjort greie for ein bebuar. Dei to andre som bur i huset er uskadde og var ikkje heime då brannen starta.
Klokka 18.30 kunne brannvesenet opplyse at dei har kontroll på brannen. Det skal ikkje vere fare for at brannen skal spreie seg. Røykdykkar har vore inne i huset, men måtte trekkje seg ut då delar av bygget kollapsa. Brannvesenet held fram med utvendig sløkking.
Klokka 19.35 har brannvesenet fått sløkt brannen og er i gang med ettersløkking. Store delar av huset er kollapsa og det er framleis ikkje mogleg å gå inn, opplyser John-Rune Lillebø hos 110-sentralen.
Full overtenning
110-sentralen i Møre og Romsdal fekk klokka 16.20 melding om brann i ein einebustad i Eidsbygda i Rauma.
Då dei kom til staden rundt klokka 16.33 var huset allereie overtent.
– Det brann så kraftig då brannvesenet kom til staden at det var umogleg å berge huset, seier John-Rune Lillebø hos 110-sentralen i Møre og Romsdal.
OVERTENT: Det brann kraftig i huset.
Foto: OTTAR RYDJORD