Hopp til innhold

Garasje totalskadd i brann i Surnadal

Brannvesenet greidde å slepe ut ein elbil frå ei brennande garasje i Surnadal på Nordmøre. Dermed hindra dei spreiinga av potensielt farlege gassar.

Brann i bustad og garasje i Surnadal

Onsdag ettermiddag byrja det å brenne i eit hus og ei garasje i Surnadal.

Foto: Christian Forbregd / Driva

Det var etter klokka 15.30 at politiet melde om ein brann i ei garasje og ein bustad på Glærum i Surnadal.

Det blei først meldt at det stod ein elbil parkert i garasjen og brannvesenet åtvara mot at det kunne føre til farlege gassar. Dei anbefalte difor folk i området om å lukke vindauga sine og halde seg unna.

Rundt 16.30 har brannvesenet greidd å slepe elbilen ut av garasjen.

– Batteriet hadde heldigvis ikkje tatt fyr og dermed er det ikkje lenger like stor fare for farlege gassar frå den, fortel Arild Reite, operasjonsleiar i politiet.

Ukjent brannårsak

Huset og garasjen er bygd saman. Brannen skal ha starta i garasjen, men det er så langt for tidleg å seie kva årsaka er, seier Reite.

– Det er for tidleg å spekulere i kva som kan ha starta brannen, seier operasjonsleiaren.

Like før klokka 17.00 opplyser brannvesenet at dei har kontroll på brannen.

– Garasjen er totalskadd, men ein har greidd å berge huset. Det har blant anna brunne i taket på huset, så det er likevel for tidleg å seie kor store skader huset har fått, seier Frank Austad, ved 110-sentralen i Møre og Romsdal.

Mannskap frå restverdi-redning er på veg til Surnadal for å hjelpe til.

Det skal ikkje ha vore fare for andre nærliggande hus og det er så langt ikkje meldt om personskadar som følge av brannen.

Ifølge avisa Tidens Krav blei det på eit tidspunkt oppretta ei evakueringssone rundt bustaden etter fleire kraftige smell frå garasjen. Avisa skriv at det skal ha vore eit våpenskap i garasjen som hadde blitt for varmt.