Hopp til innhold
Frå brannen i Dalegata
Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

Brann i Dalegata i Kristiansund

Oppsummert

En mann omkom etter en brann i Dalegata på Nordlandet i Kristiansund 5.september. Brannen startet rundt klokka 03.45.

  • Brannårsaka ukjent

    Politiet finn ikkje årsaka til at eit hus i Dalegata i Kristiansund byrja å brenne tidleg i september. Årsaka er at huset er for utbrent, seier politiet til Tidens Krav. (innlogging) Dei har ikkje mistanke om at noko kriminelt ligg til grunn for brannen. Ein person omkom i brannen.

    Brann i Dalegata i Kristiansund
    Foto: Eirik Haukenes / NRK
  • Den omkomne sendt til obduksjon

    Den omkomne i brannen i Dalegata i Kristiansund i går er sendt til obduksjon ved St.Olavs hospital i Trondheim. Ein mann født på 50-talet blei ikkje gjort greie for, men politiet treng medisinske prøver for endeleg å slå fast identiteten. Etterforskingsleiar Robert Sagli seier teknikkarar førebels ikkje har kunna ta seg inn på brannstaden, men at dei mellom anna foretar vitneavhøyr.

    Brann i Kristiansund
    Foto: Eirik Haukenes / NRK
  • Den omkomne er frakta ut

    Den omkomne personen etter brannen i Kristiansund er frakta ut av huset i Dalegata. Politiet jobbar no med å avhøyre fleire vitne. Totalt 10 til 15 personar vil bli kalla inn, og fleire av avhøyra er allereie ferdige, ifølgje etterforskingsleiar Robert Sagli. Det er uklart når etterforskingsarbeidet på åstaden kan starte, sidan temperaturen må kraftig ned først. Håpet er å starte arbeidet torsdag, men det kan også hende dei må vente til fredag.

  • Skal få den omkomne ut av huset

    For kort tid sidan vart ein person funnen død i leilegheita som brann i Kristiansund i natt. – No startar arbeidet med å få vedkomande ut av leilegheita. Kroppen blir sendt vidare til Trondheim for obduksjon og ID-arbeid, seier innsatsleiar Morten Hammerås til NRK.