NRK Meny
Normal

Fritidsbustad totalskadd i brann

Ein fritidsbustad på Vågland i Halsa er totalskadd i ein brann. Det skal ikkje ha vore nokon inne i bustaden då det byrja å brenne.

Ein fritidsbustad blei totalskadd i ein brann på Vågland i Halsa tysdag morgon.
FOTO: HALSA BRANNVESEN

Ein fritidsbustad blei totalskadd i ein brann på Vågland i Halsa tysdag morgon. Foto: Halsa Brannvesen.

Det opplyser politiet i Møre og Romsdal.

Det var i 03.40-tida natt til tysdag at naudetatane fekk melding om ein brann i ein fritidsbustad i Halsa på Nordmøre.

– Vi har vore i kontakt med eigaren av bustaden via telefon. Han er ein annan plass i landet og opplyser at det ikkje skal ha vore nokon inne i bustaden då det byrja å brenne, seier Siri Engdahl, operasjonsleiar ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

– Har de gjennomført søk for å undersøke om nokon kan ha vore i bustaden då det byrja å brenne?

– Nei. Bustaden var så overtent då naudetatane kom til staden at det ikkje var mogleg å gå inn, seier Engdahl. Politiet mistenker likevel ikkje at nokon skulle ha vore i bustaden.

Bustadbrann Halsa 221116

Ein fritidsbustad blei totalskadd i ein brann tysdag morgon.

Foto: Kåre Hendset

Totalskadd i brannen

Bustaden var i full fyr då brannvesenet kom til staden og sjølv om dei kom raskt i gang med sløkkingsarbeidet var bustaden ikkje til å redde. Like før klokka 06.00 var bustaden omtrent nedbrent.

Bustadbrann Halsa

Ein fritidsbustad blei totalskadd i ein brann tysdag morgon.

Foto: Kåre Hendset

Det var på eit tidspunkt fare for spreiing til nærliggande bustadar, men brannvesenet fekk raskt kontroll på brannen.

Brannvesenet har holdt på med ettersløkking tysdag formiddag, og var ferdige med sløkkingsarbeidet i 12.30-tida tysdag.

Så langt er det for tidleg å seie noko om kva som kan vere mogleg brannårsak, fortel operasjonsleiaren. Saka vil bli etterforska.

Stengt veg

Klokka 12.30 var fylkesveg 352 framleis stengt på grunn av brannen ved Vågland i Halsa.

– Vi må undersøke om det er fare for at delar av brannruinane kan rase, eller om det er trygt for bilar å passere, før vi kan opne vegen, seier operasjonsleiar Frode Gjøsund.

Politiet anbefaler omkøyring langs gamlevegen som ligg like ved.

Laster kart, vennligst vent...