Hopp til innhold

Brann i bedehus på Haramsøya

Torsdag kveld byrja det å brenne i det 130 år gamle bedehuset på Åkre på Haramsøya.

Brann bedehus Haramsøya

Det var i 18.00-tida torsdag at politiet melde at det brann i det gamle bedehuset på Åkre på Haramsøya.

Foto: Håkon Akselsen

Brann Haramsøya

Det kom røyk frå bedehuset, men det skal ikkje vere observert open flamme.

Foto: Håkon Akselsen

Like før klokka 19.00 kan brannvesenet bekrefte at dei har sløkka brannen.

– Det var eit branntilløp inne i bygninga, men vi har no kontroll over situasjonen, seier Steinar Sandvik ved 110-sentralen i Møre og Romsdal til NRK.

Det blei brukt mykje vatn i sløkkingsarbeidet, men skadeomfanget er så langt ukjent.

–​ Slik det ser ut no har dei greidd å berge bedehuset utan at det blei påført store skadar, held han fram.

Brannvesenet kan så langt ikkje seie noko om kva som skal vere årsaka til brannen.

Klokka 20.00 var også politiet på staden.

– Vi vil no gjere rutinemessige åstadsundersøkingar inne i bedehuset, og så vil vi vurdere tiltak ut ifrå desse, seier John Bratland, operasjonsleiar ved politiet.

– Trist

Det var i 18.00-tida torsdag kveld at politiet melde at det brann i det gamle bedehuset på Åkre på Haramsøya.

Huset er rundt 130 år gammalt, og er dermed eit av dei eldste i sitt slag i vårt distrikt. Bedehuset skulle etter planen hamne på museum, men det er no uklart kva som skjer.

Konservator ved Sunnmøre museum, Per Sæther, håpar bygninga ikkje har fått for store skadar i brannen.

– Det er sjølvsagt veldig trist. Bedehuset var eit av dei mest autentiske som eksisterer no, og vi var så heldige at vi skulle få det hit til museet, seier han.

– No håpar vi berre på det beste og så får vi undersøke bedehuset når det er mogleg, held han fram.

Brann bedehus Haramsøya

Røykdykkarar tok seg inn i bygninga i 18.15-tida.

Foto: Håkon Akselsen

Ingen personar skadd

Brannvesenet var framme på staden klokka 18.15. Vitne på staden kunne fortelje NRK at dei ikkje såg opne flammar, men at det kom røyk ut frå bygninga.

– Vi har sendt røykdykkarar inn i bygninga no og det er ikkje meld at bygninga er overtent, sa Steinar Sandvik ved 110-sentralen i Møre og Romsdal til NRK på det tidspunktet.

Ifølgje politiet skal det ikkje ha vore nokon inne i bedehuset då det byrja å brenne, men det har derimot vore utført arbeid på staden tidlegare i dag.

– Det er så langt uklart kor omfattande brannen er, seier John Bratland, operasjonsleiar i politiet.

Sjå også:

Åkre bedehus skal flyttes, bygda tok et siste farvel.