Hopp til innhold
Brann i barnehagen Barnas hage i Ålesund
Foto: Elisabeth Haddal Røsvik / NRK

Brann i barnehage i Ålesund

Oppsummert

Natt til fredag 16.12.22 begynte det å brenne i barnehagen Barnas hage i Ålesund. Barnehagen har store skader. To ungdommer er pågrepet og mistenkt for brannen.

  • Har avslutta etterforskinga etter brann i barnehage

    Etterforskinga av brannen i ein barnehage i Ålesund i desember 2022 er no ferdig.

    To mindreårige blei pågripne etter brannen mistenkt for å ha sett fyr på barnehagen. Politiadvokat Gudrun Kalvatn seier at ein av dei involverte er under 15 år og kan difor ikkje straffast.

    – Den andre, ein ungdom under 18 år, har fått ein reaksjon via brann- og eksplosjonsvernloven. Straffa skal bli gjennomført som ungdomsoppfølging i seks månader gjennom konfliktrådet, seier Kalvatn.

    Saka har også vore inne til vurdering hos statsadvokaten.

    Den brannherja barnehagen Barnas hage i Larsgården i Ålesund. Store delar av bygget er øydelagt
    Foto: Remi Sagen / NRK
  • Klubbhus ble redningen for barnehagebarn

    Mandag kunne barnehagebarna fra Barnas hage i Ålesund møtes igjen. I midten av desember brant barnehagen, og to ungdommer ble mistenkt for å stå bak brannen. Nå har et klubbhus blitt redninga for de 78 barnehagebarna. Styrer Solgerd Hjelle Laugen, sier mange har vært gavmilde og stilt med leker, og hun takker alle som har gjort det mulig å åpne mandag.

    – Fantastiske foreldre, ansatte som stiller opp til alle døgnets tider, tripp trapp-stoler fra Stokke kommer. Alle hjelper oss, sier hun.

    Siden alt er usikkert med tanke på den brannskadde barnehagen, forbereder de seg på å bli på klubbhuset i minst et år. De har ikke kunnet hente ut noe fra branntomta.

    Barnehagestyrer Solgerd Hjelle Laugen inne i Rollonhuset.
    Foto: Remi Sagen / NRK
  • Etterforskar vidare

    Det er framleis uklart korleis brannen i barnehagen Barnas hage i Ålesund førre veke starta. Politiadvokat Gudrun Kalvatn seier at dei har gjort undersøkingar på staden og at dei også har planar om å gjere fleire åstadundersøkingar.

    – Vi vil prøve å fastslå om brannen starta inne eller ute og håper vi kan få svar på dette.

    I etterkant av brannen blei to ungdomar mistenkt for å stå bak. Kalvatn seier ho ikkje kan kommentere kva status desse har no, med omsyn til etterforskinga.

    – Vi ser alvorleg på saka. Det står att framleis ein del etterforsking, så på grunn av den tekniske og taktiske etterforskinga kan eg ikkje seie noko meir no, seier Kalvatn.

    Brann i barnehagen Barnas hage Ålesund
    Foto: Elisabeth Haddal Røsvik / NRK
  • Jobbar på spreng for å få til barnehagetilbod

    Dagleg leiar ved Barnas hage i Ålesund, Solgerd Hjelle Laugen, seier Rollonhuset og Larsgården skole kan vere gode alternativ etter barnehage-brannen natt til fredag. To ungdomar er mistenkt for å stå bak brannen.

    Barnehagen har fått store skadar. Hjelle Laugen seier det ikkje blir noko barnehage der ut året, men i dag arrangerer dei nissefest saman med barna. Ho seier dei jobbar for å finne ei løysing for dei 78 barnehagebarna, men at det er mykje som må gjerast.

    – Med dei to alternativa kan vi få til eit godt tilbod, men det er mange formalitetar som skal på plass. Ho seier dei jobbar på spreng for å sende inn søknadsskjema, og det er usikkert når dei har eit barnehagetilbod igjen.

    Barnehagen Barnas Hage i Larsgården i Ålesund er totalskadd etter brann. To brannmenn jobbar med ettersløkking.
    Foto: Remi Sagen / NRK