NRK Meny
Normal

Inga spreiing etter flamberingsbrann

Eit branntilløp etter flambering var frykta spreidd til eit ventilasjonsanlegg. Etter kontroll fann brannvesenet ingen nye flammar.

Laster kart, vennligst vent...

Alle naudetatane måtte rykke ut etter eit branntilløp etter flambering på Slinningen.

– Dei frykta at brannen hadde spreidd seg til eit ventilasjonsanlegg i huset, fortel operatør Tor Ivar Sjåstad ved 110-sentralen i Møre og Romsdal til NRK.

I 18.15-tida fredag rykka alle naudetatane ut etter eit branntilløp på Slinningen i Ålesund.

– Det er meldt om flammar i samband med grilling eller flambering, og brannen kan ha spreidd seg til eit ventilasjonsanlegg, sa operasjonsleiar Trygve Ødegård i politiet.

Ifølgje naudetatane var det innandørs flambering som var syndaren. Branntilløpet blei sløkt av ein person på staden.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold