Bråket rundt nye fylkesmenn: Varslar gjennomgang av systemet

Jobbane som fylkesmenn går til toppolitikarar som skal eller har trappa ned, oftast frå dei største partia. Om SV får viljen sin kan det bli slutt på denne praksisen.

Monica Mæland, Bent Høie og Else-May Botten

VART GRATULERTE: Kommunalminister Monica Mæland presenterte Bent Høie og Else May Botten som nye fylkesmenn sist veke, men ingen av dei kan starte før om tre år. Tom Cato Karlsen hadde ikkje høve til å vere med på seansen. – Vi får med på laget tre dyktige personar med spennande og variert bakgrunn, sa Mæland ifølgje NTB.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

– Det trengst ein skikkeleg gjennomgang av systemet. Vi må sikre oss at det blir den beste søkaren som får jobben uavhengig av partibakgrunn og tidlegare rikspolitisk karriere.

Det seier SV-politikar og leiar i Stortinget sin kommunalkomité, Karin Andersen, til NRK.

Fredag vart Bent Høie (Høgre), Else-May Botten (Ap) og Tom Cato Karlsen (Frp) utnemnde til fylkesmenn i høvesvis Rogaland, Møre og Romsdal og Nordland – trass i at Høie og Botten ikkje kan starte i jobbane sine før i 2021.

SV stortingsgruppe

KRITISK: Karin Andersen (SV) meiner ein må gå gjennom dagens praksis rundt tilsetjingar av fylkesmenn.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

– Ikkje eit fullgodt system

Dermed gjekk det akkurat slik fleire føresåg: Dei største partia fordeler dei fleste postane som fylkesmenn mellom seg, medan dei minste partia får nokre få. Frå 2021 av vil tre tidlegare Ap-politikarar, tre frå Høgre, to frå Frp og éin frå Venstre og KrF vere fylkesmenn.

May Helen Molvær Grimstad

NÅDDE IKKJE OPP: May-Helen Molvær Grimstad, med 16 års erfaring frå Stortinget.

Foto: Terje Reite / NRK

Sidan dei tidlegare partileiarane Valgerd Svarstad Haugland og Lars Sponheim blir fylkesmenn i Oslo/Viken og Vestland gjorde det at søkarar som May-Helen Molvær Grimstad (KrF) og Pål Farstad (Venstre) i realiteten var sjanselause då Møre og Romsdal skulle ha ny fylkesmann.

– Vi har ikkje eit fullgodt system i dag. Det ser ut som det no blir gjort ei fordeling mellom partia som ikkje nødvendigvis varetek den beste søkaren, dersom vedkomande tilhøyrer feil parti, seier Karin Andersen.

Som meiner at det heilt sikkert også finst andre enn eks-politikarar som kan gjere ein god jobb som fylkesmann.

Laster Twitter-innhold

– Bør vere politisk nøytral

Fleire har uttala seg svært skeptisk om dagens praksis. Det gjeld både at partia i realiteten fordeler postane som fylkesmenn mellom seg – og at ein kan bli tilsett i ein jobb ein ikkje kan starte på før om tre år.

barne-, likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne

NÅDDE IKKJE OPP: Tidlegare minister for Frp, Solveig Horne, ville bli fylkesmann i Rogaland.

Foto: HÅKON MOSVOLD LARSEN / NRK

Forfattar og tidlegare førsteamanuensis i rettsvitskap ved Universitetet i Oslo, Ken Uggerud, meiner at jobbane som fylkesmenn ikkje burde gå til avtroppande stortingspolitikarar i det heile.

– Ingen stortingspolitikarar burde kunne veljast som fylkesmenn. For dei skal ikkje drive politikk. Ein fylkesmann burde vere partipolitisk nøytral, seier Uggerud.

Og legg til:

– Å blande politikk med rolla som statens øvste leiar i fylka høyrer ingen stad heime.

Laster Twitter-innhold

– Dei beste blir tilsette

Kari Kjønaas Kjos (Frp), første nestleiar i kommunal- og forvaltningskomiteen, meiner derimot at rekrutteringa av fylkesmenn ikkje skil seg frå andre tilsetjingar i staten.

– Det er alltid ei offentleg utlysing når ein slik jobb skal fyllast. Dei mest aktuelle kandidatane blir kalla inn til intervju. Ut frå ei heilskapleg vurdering blir den kandidaten som er rekna som best eigna tilsett, seier Kjos.

Ho meiner at ein ikkje må ha politisk erfaring for å kunne bli fylkesmann, men at det heilt klart er ein fordel.

Kari Kjønnaas Kjos

MEINER TILSETJINGANE ER ORDINÆRE: Kari Kjønaas Kjos (Frp) meiner dagens praksis gjer at dei best eigna søkarane får jobbane som fylkesmenn.

Foto: Audun Braastad / NTB scanpix