Bråk i Ålesund

Ein person blei vist vekk frå Ålesund sentrum i natt etter å ha forstyrra ordenen. I 06.00-tida fekk politiet i Ålesund klager på feststøy frå ein bustad i indre bydel. Personane som var i bustaden fekk pålegg om å dempe seg slik at naboane fekk sove.