Hopp til innhold

Bourbon Offshore flaggar ut, over 30 personar kan miste jobben

Over 30 personar står i fare for å miste jobben når Bourbon Offshore i Fosnavåg flaggar ut to av sine supplyfartøy til Bahamas.

Bourbon Front

Bourbon Offshore Norway, her representert ved fartøyet Bourbon Front, flaggar ut.

Foto: Bourbon Offshore Norway

– Ja, det er korrekt at det blir utflagga to fartøy, seier Bjørn Idar Remøy til NRK.

Han er administrerande direktør i Bourbon Offshore Norway (BON) med hovudsete i Fosnavåg på Sunnmøre.

Etter det NRK forstår blei det sendt ut e-post til dei tilsette om utflagginga tidlegare i juli. Det er i overkant av 30 personar som truleg vil miste jobben, for så å bli erstatta av utanlandsk arbeidskraft.

Frode Liland

Frode Liland, tillitsvald for Sjømannsforbundet i Bourbon Offshore Norway.

Foto: Privat

Det er forsyningsskipa Bourbon Clear og Bourbon Calm som blir flagga ut til Bahamas frå 8. september.

Tillitsvald: – Utruleg trist

Tillitsvald for Sjømannsforbundet i BON, Frode Liland, likar ikkje at det ikkje skal vere leveleg med norske folk om bord.

– Eg synest det er utruleg trist at det går denne vegen. Det er ei skremmande utvikling som skjer, meiner Liland.

Han tenkjer først og fremst på dei som no mister jobbane sine.

– Det er familiefolk, folk som sit med gjeld. Det er trist for dei som vil bli ståande utan jobb. Men eg lurer på kva det neste blir, seier han.

Nøkkelpersonell blir igjen

Administrerande direktør Remøy stadfestar at det i dag er i overkant av 30 personar som jobbar på dei to supplyfartøya. Han seier derimot at flest mogleg skal omplasserast.

Bjørn Idar Remøy

Administrerande direktør i Bourbon Offshore, Bjørn Idar Remøy.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Om vi har oppsigelsar og sjukemeldingar så blir dei plassert på andre fartøy, fortel Remøy.

Fram til i dag har alle dei tilsette på dei to fartøya vore norske. Frå i haust blir det annleis.

– Det har vore NOR-flagg, og det blir det til i september, men då må vi flagge om. Det blir utanlandsk flagg, men det blir igjen nøkkelpersonell som er norsk. Det blir ikkje nordmenn i anna enn offiserstillingane.

– Kva er bakgrunnen for utflagginga?

– Det er kommersielle forhold og langtidskontrakter som er i Angola, seier Remøy.

Får refundert for lite

Det er nettolønsordninga som er hovudgrunnen til utflagginga. Nettolønsordninga er ei støtteordning for norske reiarlag med båtar registert i Norsk Ordinært Skipsregister.

Staten refunderer summen av innbetalt inntektsskatt, arbeidsgivaravgift og trygdeavgift for mannskap innanfor ordninga. Det blei derimot sett eit tak på nettolønsordninga i juli 2008. Den er på 198.000 kroner per tilsett.

– Det har medført prosentvis lågare refusjon ved kvart årlege lønsoppgjer. Dette svekker konkurranseevna, og når oljeselskapa varslar kostnadskutt, ser vi ingen annan utveg enn utflagging, seier Remøy.

– Både ja og nei

Tillitsvald Frode Liland seier til NRK at nettolønsordninga er argumentet reiarlaga brukar.

– Grunngjevinga er at taket på nettolønsordninga ikkje blir heva. Det er argumentasjonen deira for å flagge ut.

– Forstår du at Bourbon no flaggar ut to fartøy?

– Både ja og nei. Eg synest reiarane i dag spyttar for mange fartøy inn i marknaden, som igjen gjer at oljeselskapa kan velje og vrake. Då blir ratane låge, fortel Liland.

Han saknar etterspurnad.

– Det er overflod og då går prisane ned. Det er ein del av grunnen til at fleire går på dårlege kontraktar og berre så vidt går i balanse.

Utflagginga i Bourbon Offshore Norway blei endeleg avgjort i slutten av juni og vil bli gjennomført 8. september.