NRK Meny
Normal

Bourbon Dolphin vart hovudfarty

Den fjerde høyringsrunden etter Bourbon Dolphin-ulykka starta i Oslo tysdag. Når mannskapet på oljeriggen forklarer seg,  kan det kanskje kome svar på kvifor Bourbon Dolphin fekk rolla som hovudfarty og ikkje hjelpefarty slik det opphavleg var meininga.

Bourbon Dolphin

Bourbon Dolphin

Foto: NRK

Undersøkingskommisjonen etter Bourbon Dolphin-forliset har kalla inn 12 nye vitne til høyringar i Oslo. Vitna som denne gongen skal forklare seg, er personar som var involverte i operasjonen frå operatøren Chevron, oljeriggen Transocean Rather og konsulentselskapet Trident Offshore.

Anna rolle

Under høyringa tysdag forklarte HMS-spesialist Dick Macklin frå Chevron at Bourbon Dolphin fekk ei anna rolle enn opphavleg tenkt. Ulike reparasjonsarbeid på riggen gjorde at det vart endring i planane, og slik fekk også Bourbon Dolphin ei anna rolle. Likevel presiserte han at prosedyrane for flytting av ein rigg aldri er endelege, og at det ofte vert endringar undervegs. Macklin såg det heller ikkje som noko problem å la Bourbon Dolphin få andre oppgåver enn meininga hadde vore. Alle tryggingsprosedyrar var gode nok og det var umogleg å forutsjå at Bourbon Dolphin kunne gå rundt, sa spesialisten på helse, miljø og sikkerheit under høyringa i Oslo tysdag.

Kvifor sa ingen stopp?

Under tidlegare høyringar har mellom andre overlevande frå Bourbon Dolphin gjeve forklaringar. Også mannskap på Highland Valour, skipet som skulle hjelpe Bourbon Dolphin, har forklart seg. Dermed har mykje av hendingsforløpet vorte klarlagt. Tyngda av kjettingen og straumforholda utgjorde til slutt ei så stor belastning at Bourbon Dolphin kom ut av kurs og til slutt kantra. Spørsmålet som enno ikkje har fått svar, er kvifor operasjonen ikkje vart stoppa før det gjekk gale.

Dei næraste dagane vil fleire vitne forklare seg om kva ordrar som vart gjevne og kvifor Bourbon Dolphin si rolle vart gjort om frå hjelpefarty til hovudfarty med tyngre og meir avanserte oppgåver.