Hopp til innhold

Bøtter med sand kan spare millionar

Mange eldre gruar seg til frost og hålkeføre når det lid mot seinhausten. I Haram kommune tar dei grep for å unngå ulukker på glatta. Det kan spare samfunnet for fleire millionar kroner.

Strøføre

ILLUSTRASJONSFOTO: Haram kommune skor seg for hålkeføre ved å tilby ei bøtte med sand til dei eldste innbyggarane. Det kan spare staten og kommunen for store summar.

Foto: Andreas Skeide / NRK

I Haram får dei eldste i år tilbod om ei bøtte med sand til alle heimebuande i heile kommunen som er over 75 år. Denne skal brukast på glatte dagar, til å trygge framkomsten i nærleiken av heimen.

Kvart år er det 9 000 personar i Noreg som bryt hofta og kostnadane knytt til dette er store.

Marte Alvestad er dagleg leiar i Haram frivilligsentral, som no tilbyr sandbøtta til eldre.

– Ei slik bøtte kan stå i inngangspartiet, slik at når det blir kaldt med snø og is, kan ein ta ein neve med sand og strø i inngangspartiet. Då kan ein unngå å dette, seier Alvestad.

Marte Alvestad

Marte Alvestad tilbyr bøtter med sand, slik at eldre skal vere tryggare på glatta.

Foto: Mattias Rolighed Bergset / NRK

Tiltaket er eit samarbeid mellom Haram kommune og frivilligsentralen i kommunen. Dei kom på dette enkle tiltaket etter at kystkommunen kom dårleg ut i ein helsestatistikk.

– Haram er høgt oppe på statistikken for beinbrot i folkehelsebarometeret. Vi meiner at dette kan vere eit godt tiltak for å unngå beinbrot og gjere det tryggare for eldre å gå ut, seier Alvestad.

Sparer millionar

Mange kommunar har liknande tilbod til dei eldste, og det enkle tiltaket kan spare enorme summar.

Hoftebrota i Noreg medfører ein stor kostnad for samfunnet. Det viser ein studie som Høgskolen i Oslo og Akershus har gjort for Helsedirektoratet.

Bøtte

Slik ser bøtta ut. Haram kommune har tinga 250 slike bøtter, som skal bli delte ut til dei eldre og skal bli fylte med sand.

Foto: Mattias Rolighed Bergset / NRK

Liv Faksvåg Hektoen var prosjektleiar for studien. Ho har funne ut at behandlinga av dei som bryt hofta, kostar skrekkeleg mykje.

– I og med at vi no har 9 000 hoftebrot kvart år, så blir kostnadane 4,5 milliardar på eitt år.

Ho seier at eit hoftebrot for ein person over 70 år, som i utgangspunktet er heimebuande, kan koste så mykje som éin million kroner.

– Gjennomsnittleg kostnad for hoftebrot er rundt 500 000 kroner. Dei som ikkje blir friske etter eit hoftebrot må etter kvart bli innlagt på sjukeheim. Då kan det koste opp mot éin million, seier forskaren.

Desse kostnadane er delte mellom staten, som utfører operasjon på sjukehus, og kommunehelsetenesta, som dekker rehabilitering og sjukeheimsplass. Ifølge Hektoen dekker kommunane som regel halvparten av kostnadane.

I tillegg skjer det om lag 15 000 handleddsbrot kvart år, men kostnadane ved desse er ikkje like godt dokumentert.

Helser tilbodet velkome

Kjell Frøysa

Kjell Frøysa og fleire eldre i Brattvåg er glade for tilbodet om sand.

Foto: Mattias Rolighed Bergset / NRK

I Brattvåg i Haram kommune samlast mange eldre på kafé kvar dag. Éin av dei NRK møter er Kjell Frøysa, som er leiar i Eldrerådet i Haram. Han fortel at hoftebrot er eit stort problem.

– Det er ei tragedie for dei som opplever å bryte hofta. Dessverre høyrer vi stadig om at det skjer.

Frøysa seier at mange er positive til litt ekstra hjelp for å kunne halde seg på beina i vinter.

– Dette er ein veldig god idé og alle tiltak som kan forhindre hoftebrot, ser eg på med glede, seier Frøysa.

Han trur at det er mange som vil ta imot tilbodet om ei bøtte med sand, og understrekar at det er viktig at alle bygdene i kommunen får tilbodet.