Hopp til innhold

Bøter skremmer turistane

Dyre parkeringsbøter skremmer bilturistane i byane i fylket.

Også turistar får parkeringsbøter

Turistar i Kristiansund, Molde og Ålesund får inga spesiell rettleiing om parkeringsforholda når dei kjem til området.

Foto: Ålesund / NRK

Måtte bu på gata i tre døgn

Fire spanjolar måtte bu på gata i Ålesund etter å ha mist nøkkelen. I tillegg fekk dei bot.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Utanlandske bilistar får inga spesiell rettleiinga, men blir bøtlagde som andre både i Kristiansund, Molde og Ålesund. Fire spanjolar, som parkerte ulovleg i Ålesund sentrum sist veke, blei så fortvilt over bota, at dei la ein handskriven lapp under vindussviskaren. Her står det mellom anna:

"Please, please, please!! Don't put more yellow papers!"

Les meir om dei uheldige spanjolane, som måtte bu på gata i 3 døgn etter å ha mist bilnøkkelen sin:

- Dårleg turistreklame

Gallerieigar Kjellbjørn Tusvik i Ålesund seier parkeringsreglane blir strengt handheva, og at dette er dårleg turistreklame.

- Noko må gjerast. Det går ikkje an at gjestene som vi kjempar for å få hit til byen skal reise herifrå med ei slik oppleving, seier Tusvik.

  • Kva syns du? Bør turistane som kjem til byane i Møre og Romsdal få rettleiing i staden for bot? Ver med i diskusjonen nedst på sida!

Etterlyser signal frå kommunen

Ålesund parkering er eit kommunalt selskap, og dermed er det også formannskapet som er generalforsamling for selskapet.

Tusvik etterlyser nye signal frå politikarane.

- Vi har eit stivbeint system i dag. For å få til ei endring må det kome signal frå kommunen om at dette ikkje er ønskjeleg, seier han.

Returnerer ballen

Bjørn Tømmerdal

Ordførar Bjørn Tømmerdal kastar ballen tilbake til Ålesund parkering.

Foto: Trond Vestre / NRK

Ordførar Bjørn Tømmerdal frå Høgre lovar å ta saka opp med Ålesund parkering, men kastar ballen tilbake.

- Det er Ålesund parkering som har ansvaret. Dei er sette til å forvalte eit regelverk, og det må vi på mange måtar respektere, seier ordføraren.

Leiinga for Ålesund parkering er ikkje tilgjengeleg for kommentar.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL