Må betale 18.000 for denne løysinga

Ein mann busett på Sunnmøre er dømt for brot på vegtrafikklova etter å ha laga eit heimesnikra akseloppheng på bilen sin.

Politiet

Mannen hadde plassert hjula i ei tralle og montert på ei jernramme, som bilen sin bakaksel var senka ned i, og som fungerte som bilen sitt «bakhjul».

Foto: Politiet/smp.no

Det går fram av ein dom frå Sunnmøre tingrett.

Blei tipsa av medtrafikantar

Det var i august 2016 at politiet at stoppa den 50 år gamle mannen etter å ha blitt varsla av andre trafikantar om køyringa hans.

Ved nærare undersøking av bilen oppdaga politiet at køyretøyet hadde eit øydelagt hjuloppheng for bakakselen.

Mannen hadde plassert hjula i ei tralle og montert på ei jernramme, som bilen sin bakaksel var senka ned i, og som fungerte som bilen sitt «bakhjul».

– Stort farepotensial

Retten la særleg vekt på at innretninga ikkje var laga for å tole bilen si vekt og difor representerte ei stor fare for den tiltalte og andre trafikantar.

Sjølv om køyringa skjedde på eit tidspunkt der det ikkje var mange andre trafikantar på vegen, og mannen køyrde i ei relativt låg fart, meinte retten at køyringa kunne hatt eit stort farepotensial.

Mannen blei dømt til å betale 18.000 kroner, eller sone 36 dagar i fengesel, og mister førarkortet i åtte månader.