NRK Meny
Normal

Bøssedugnad for flyktningane

Røde Kors arrangerer bøssedugnad over heile landet laurdag. Koordinator Terri Senior i Møre og Romsdal oppmodar alle til å gi ein time av tida si for å hjelpe flyktningar på flukt.

Terri Senior

Koordinator i Møre og Romsdal Røde Kors håper flest mogleg vil hjelpe til med å vere bøsseberarar.

Foto: Ragnhild Vatne Bø

Laurdag inviterer Røde Kors frivillige til å vere med på bøssedugnad for å samle inn pengar til menneske som er på flukt frå krig og konflikt.

– 12 av våre lokalforeiningar rundt om i fylket inviterer folk til å hjelpe til med å samle inn pengar for flyktningane, fortel koordinator Terri Senior.

Sjå kvar du kan hjelpe i Møre og Romsdal

Moglegheit til å gjere ein innsats

Mange føler seg hjelpelause når dei ser bileta av dei mange familiane som flyktar frå krig og katastrofe i håp om å få eit betre liv i Europa. No vil Røde Kors gje alle ei moglegheit til å gjere ein innsats.

– Vi håper og trur at flest mogleg vil kome og hjelpe til, seier Senior.

Bøsseaksjon i Ålesund

Torunn Hole, Erna Hjelle og Solveig Knutsen frå Aalesund Røde Kors er blant bøsseberarane som samlar inn pengar for flyktningane laurdag.

Foto: Røde Kors

Over heile landet opplever Røde Kors eit stort engasjement frå folk som vil hjelpe flyktningane. Gjevargleda har vore svært stor og allereie er det samla inn over 13 millionar kroner frå det norske folk.

Men behovet er endå større.

– Vi veit at gjevarviljen blant innbyggjarane allereie er veldig stor, seier Senior, som håper Røde Kors kan klare å samle inn mykje pengar ved hjelp av sine bøsseberarar som er ute laurdag.