Bortviste i Volda

To tenåringar blei bortvist frå sentrum av Volda laurdag kveld. Dei to skal ha laga bråk ved ein kiosk og var rusa. Ein mann blir meld for å ha slått til ein annan slik at leppa sprakk. Også i Molde blei ein mann vist vekk frå sentrum for dårleg framferd.